I Modalen er det mange ting å ta seg til. Her er ein liten oversikt over noko av det me kan tilby.

Modalen Båthavn – Modalen båthamn var kåra til Hordaland sin tredje beste i 2000. Den er svært populær for båtturistar frå både fjern og nær.

Bryggjeslottet – Fleirbrukshall med bowling hall, treningsrom, innandørs basseng og sauna.

Aktiv Modalen – Tilbyr utleige av syklar, guida turar i Modalsfjella og utleige av støl.

Modalen kommune- Heimesidene til Modalen kommune

Atlier Midtun – Mellom kyrkja og butikken på Mo kan du finna Atelier Midtun som opna sommaren 2008. Trass sine knappe 20 kvadratmeter, fungerer det vesle huset både som atelier og utstillingsstad for Jarle Midtun sine bilete.

Running Minks Siberian Husky – Running Minks tilbyr opplevelser med Huskyene , turer med kløvhund , hundekjøring om høst og vinter eller besøk og kos i hundegården .

Modalen pensjonat – Modalen pensjonat ligg flott til berre knappe 3 km frå sentrum.

iModalen – Her vil du finne ei oversikt over tilbuda til turistar som fins i Modalen

Kommunesenteret Mo er også verd ei vitjing. Langs den sermerkte bryggjerekka med kaipromenade er det tilrettelagd for båtturisme.

Translate »