Modalen er eit supert reisemål for dei som set pris på storslagen natur. Gode forhold for fot og fjellturar, fiske, kajakk/rafting, sykling, fotografering, god mat og drikke, alt klart til å nytast.

Den friske lufta og landlege skjønnheit er ei sann gleda alle bør unna seg.

Mostølen: Ein spektakulær sti langs ei fjellhylle vil leda deg til eit flott utsyn over fjord, fjell og dal. Mostølen er ein nedlagt støl som tidlegare vart nytta om sommaren av lokale bønder.

Stølsheimen: Den norske fjellheimen kanskje på sitt beste. Eit område med vakre fjell, elvar og vatn som strekkjer seg over fleire kommunegrenser. Her finn ein mange turisthytter ein kan gå til.

Otterstadstølen: Sjarmerande stølsvoll med fleire hus ved ei elv og ein foss.

Slottet: Spesiell fjellformasjon. Frå toppen kan du sjå vidt omking, på ein klar dag heilt til Bergen by.

Fiskevatn: Nedre Sørdalsvatn, Skjerjavatnet, Åsebotnsvatnet, Sørdalsvatnet and Kvanngrødsvatnet.

Elver: Modalselva, Ekso.

Bryggjeslottet: Fleirbrukshall med bowling hall, treningsrom, innandørs basseng og sauna.

Lange turar

turer

Den norske turistforening har fleire turisthytter i Stølsheimen, og det er lagt opp turar der ein går fra hytte til hytte på oppmerka stiar.

En fin todagers familietur kan for eksempel starte ved turisthytta Skavlabu (omkring 1.000 m.o.h.), fortsetje vidare mot Vardadalsbu og over til Nordalshytta, for så å ende ved Solrenningen.

Translate »