Aktiviteter / Mobryggja AS - Mobryggja AS - ferie- og konferanseanlegg - Modalen
Aktivitet

Stadar av interesse:

Modalen er eit supert reisemål for dei som set pris på storslagen natur. Gode forhold for fot og fjellturar, fiske, kajakk/rafting, sykling, fotografering, god mat og drikke, alt klart til å nytast.
Den friske lufta og landlege skjønnheit er ei sann gleda alle bør unna seg.

Mostølen: Ein spektakulær sti langs ei fjellhylle vil leda deg til eit flott utsyn over fjord, fjell og dal. Mostølen er ein nedlagt støl som tidlegare vart nytta om sommaren av lokale bønder.

Stølsheimen: Den norske fjellheimen kanskje på sitt beste. Eit område med vakre fjell, elvar og vatn som strekkjer seg over fleire kommunegrenser. Her finn ein mange turisthytter ein kan gå til.

Otterstadstølen: Sjarmerande stølsvoll med fleire hus ved ei elv og ein foss.

Slottet: Spesiell fjellformasjon. Frå toppen kan du sjå vidt omking, på ein klar dag heilt til Bergen by.

Fiskevatn: Nedre Sørdalsvatn, Skjerjavatnet, Åsebotnsvatnet, Sørdalsvatnet and Kvanngrødsvatnet.

Elver: Modalselva, Ekso.

Aktivitetar 

Aktiv i Modalen?

Bryggjeslottet
Fleirbrukshall med bowling hall, treningsrom, innandørs basseng og sauna.

Aktiv Modalen
Tilbyr utleige av syklar, guida turar i Modalsfjella og utleige av støl.

Lundekvams Kajakk
Utleige av kajakk og guida turer

Modalen kommune
Heimesidene til Modalen kommune

Den grøne sløyfa
Ei minnerik ferd i vill og vakker vestlandsnatur. Unike opplevingar av fjord og folk i fjell og dal...

Atlier Midtun
Mellom kyrkja og butikken på Mo kan du finna Atelier Midtun som opna sommaren 2008. Trass sine knappe 20 kvadratmeter, fungerer det vesle huset både som atelier og utstillingsstad for Jarle Midtun sine bilete.