Egill og Gudbjørg:
Egill, Cuisine Chef, og Gudbjørg, Dekoratør, eit kjent ektepar i heimlandet sitt, Island for deira gjestfridom, lang erfaring og utsøkt smak når det gjeld mat og kultur.
Dei har og ei stor interessa for, og kjærleik til kunst. Frå anerkjente kunstnarar har dei gjennom ei årrekkje samla vakker kunst som dei no har nytta til å dekorera Mobryggja Restaurant med. Dei har oppnådd å skapa ein spennande og fargerik atmosfere.
Om Modalen
Modalen kommune ligg inst i Osterfjorden og har dramatisk natur, bratte fjell, fossefall og store vidder.
Her er gode høve for friluftsliv og rekreasjon; fotturar i Stølsheimen, og godt fiske i fjord, elv og vatn
Den kvite sandstranda på Mo er ein fin tilhaldstad for småbornfamilier ein sommardag. Her er sanitæranlegg, butikk, post og restaurant i nærleiken
