bob_forslag_2Me markerer at Nobel-prisen i litteratur i år går til Bob Dylan med programmet DEN VONDE BODBERAREN – BOB DYLAN OG 60-TALET

Eit program om kunstnaren, musikken og tidsepoken med SMOOTH

Klokka 21.00

Pris: 100,- pr. person

Velkommen!

 

Bakgrunn:

DEN VONDE BODBERAREN – BOB DYLAN OG 60 – TALET.

Bob Dylan er blitt 75 år, og tidene er framleis i endring slik han predika for 50 år sidan. Den gamle meisteren dreg enno rundt med songane sine, og kvar ny generasjon ser ut til å finna eit meiningsinnhald i noko av det. Og for oss tilårskomne er klassikarane hans like kjære framleis.

I år er Dylan tildelt Nobelprisen i litteratur – og det har blitt forfatta mange artiklar i aviser og magasin der ein vurderer og analyserer arbeidet hans og grunnen for tildelinga. No har du sjansen til å høyra nokre av dei sentrale songane hans, og høyra historia om mannen, kunstnaren og poeten.

Smooth Operators er ei gruppe på fire som også representerer ulike generasjonar, og som har laga eit program om Dylan sin 1960 – tals periode. Om dette finns det etterkvart mykje litteratur, lyd og mange biletklipp. Fenomenet er interessant sett frå fleire synsvinklar: Musikalsk, kulturelt, politisk og samfunnsmessig. Meir enn nokon tok Dylan si samtid på pulsen, han var der før dei andre med sin ofte krasse og bitande bodskap. Som ein domsprofet frå det gamle testamentet spytta han ut korleis det kom til å gå. Og han kunne vera like lite nådig mot sine eigne tilhengjarar som mot den samfunnseliten han kritiserte mest. Den vonde bodberaren sparte ingen.

Programmet vi framfører er sett saman av 12 songar frå tiåret då Dylan mot sin vilje vart ropt ut som leiar og vegvisar for ein heil generasjon. I denne perioden gjekk han også gjennom ulike fasar personleg, musikalsk, litterært og menneskeleg. Han forandra musikkstil, kledde seg på forskjellig vis, budde både urbant og landleg.

Mellom songane fortel vi historia om korleis Dylan sin musikk og lyrikk utvikla seg, og korleis han influerte 1960-tals uttrykket og samstundes var ein kommentator til det som hende dette tiåret.

Translate »